Ofte stilte spørsmål
Her kan du finne svar på ofte stilte spørsmål og svar. Om du ikkje finn svaret du leitar etter, kontakt oss gjerne på telefon eller epost.
-
Sjekk prisar og opningstider i menyen.
-
Ja! Det er fleire interaktive utstillingar, du kan gå ein tur “under breen”, du kan vandre gjennom den interaktive klimautstillinga, du kan sjå ein flott og engasjerande panoramafilm og det er aktivitetar utandørs spesielt mynta mot born.
-
Ja, absolutt! I Fjærland kan ein gå alt frå lette til meir krevjande turar, som toppturar og breturar. Det er ein kafe i Bokbyen i Mundal og ein kafe ved Bøyabreen som heiter Brævasshytta. Fjærland Guiding tilbyr sauna på fjorden, guida turar og kajakk på fjorden. Det er også mogleg å overnatte på campingplassen Bøyum camping, Fjærland Hytter og Fjærland Fjordstove Hotell.
-
Ja, museet har ein kafé med utval av varme og kalde drikkar og smørbrød, kaker og is.
-
Ja, vi tilbyr undervising og ekskursjonar til skular, universitet, høgskular og folkehøgskular. Hjå oss kan elevar og studentar lære masse spennande og intersesant om brear, landskapet og klima.
-
Vi har oversatt utstillinga til 13 ulike språk. I tillegg til norsk, engelsk og tysk kan museet bli forstått på nederlandsk, fransk, spansk, portugisisk, italiensk, polsk, russisk, kinesisk, japansk og koreansk.
-
Det er ganske lett! Køyr i ca. 8 minutt nordover på RV 5 så kjem du til Bøyabreen. Elles ligg Supphellebreen også i kort avstand frå museet. Køyr nordover i eit par minutt og ta til høgre over ei bru ved skilt merka “Supphellebreen”.
-
Du kan sjå ein majestetisk panoramafilm om Jostedalsbreen Nasjonalpark, vandre i jorda sin klimahistorie og gå gjennom hovudutstillinga der du kan eksperimentere med ekte is frå breen og teste ut mange ulike interaktive installasjonar.
-
Ja, vi tilbyr eigne breturar med sertifiserte guidar som kan masse om brear, klima og natur. I tillegg hjelper vi deg med å finne den rette breturen og kan anbefale fleire ulike breførarfirma i området rundt Jostedalsbreen. Sjekk også ut Breturkartet som visar kor du finn faste breturar i Jostedalsbreen Nasjonalpark om sommaren.
-
Ja, det er eit besøkssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark. I tillegg finn du Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i Oppstryn og Breheimsenteret i Jostedalen, som båe er verd eit besøk.
-
Det beste museet i Noreg er Norsk Bremuseum i Fjærland :D
Ja, vi tok oss ein stor fridom med å hevde dette! Men vi meinar frå botnen av våre hjerter, at eit besøk hjå oss absolutt er verd pengane og at vi garanterer at du ikkje blir skuffa. Og sjølvsagt er det MANGE flotte og gode museum og besøkssenter rundt omkring i landet vårt.
Velkomen til oss :)
-
Ja! På vår parkeringsplass finst det ein hurtigladar med 2 stk CCS-uttak og ein normalladar med to uttak der du må bruke eigen kabel som fylgjer med bilen du køyrer. Ladestasjonen er open heile året og vert drifta av Kople.
-
Nei, du kan ikkje ta med hunden din eller andre kjæledyr inn på Norsk Bremuseum. Besøkande med førarhund er sjølvsagt velkomne inn.
-
Filmen blir ikkje vist på eit bestemt språk. Lyden av sjølve Jostedalsbreen er med på å prege stemninga gjennom filmen.