Brevandring på Jostedalsbreen

På fleire av brearmane til Jostedalsbreen blir det i sommarhalvåret arrangert brevandring med røynde breførarar kvar dag. Norsk Bremuseum kan hjelpe deg med å finne den perfekte breturen. I Fjærland kan du gå tur på Flatbreen. Dette er ein krevjande tur der oppstigninga til breen er på nesten tusen høgdemeter. Enklare breturar finst til dømes på Haugabreen i Jølster eller Nigardsbreen i Jostedalen. Ei oversikt over turane og dei ulike breførarlaga, finn du ved å klikke på 'Breturkart Jostedalsbreen'. Denne brosjyren blir oppdatert kvart år.


PRIVAT GUIDE - SPØR OSS!

BRETURKART JOSTEDALSBREEN

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Visit Sognefjord

Neste
Neste

Brevandring med naturguiding i Fjærland