Utstillingane

Veit du korleis det er å gå under breen eller korleis brear blir danna? Kva har forma fjordlandskapet og kvifor er breane viktige for klimaforskinga?

Hovudutstillinga

Kva kan du finne inne i Norsk Bremuseum? I hovudutstillinga kan du dykke ned i kunnskap om glasiologi, naturgeografi, klima, geologi og historie. Her finn du mellom anna ekte is frå breen, utstillingar om funn i brear som ismannen Ötzi og flyet som styrta på Bøyabreen, samt fleire spennande interaktive aktivitetar som å vandre i jorda sin klimahistorie eller å gå under breen. Norsk Bremuseum fusjonerer kunnskap og oppleving på mange ulike måtar - ideelt for det nyfikne mennesket!

I 2026 har vi gledelege nyhende med ein ny interaktiv modell av Jostedalsbreen, basert på forskingsprosjektet JOSTICE (2019-2025) som mellom anna undersøkte kor tjukk isen er og korleis det kan gå med breen i framtida. I tillegg har vi fått inn ein interaktiv skjerm der du kan koma tettare på fleire av Jostedalsbreen sine armar, gjennom utstillinga “Glacier View”.

Heile utstillinga består av 27 ulike delar og er oversett til heile 13 ulike språk. Sjekk ut kva dei ulike delane handlar om, litt lenger ned på sida.

Bli med på ein trygg tur under breen i Norsk Bremuseum

Blir du med på ein trygg tur under breen?

Veit du kvifor Ötzi vart så godt bevart i isen?

Visste du at ismannen Ötzi er over 5000 år gamal?

Veit du at breisen ikkje er heilt tett, men har masse mikrosprekkar der vatnet kan vandre?

Har du eksperimentert med ekte is frå breen?

Utstillinga:

Populære attraksjonar

Den pedagogiske leikeparken hjå Norsk Bremuseum i Fjærland.

Prøv den pedagogiske leikeparken vår

Den Pedagogiske Leikeparken med mammutane ligg i uteområdet.

Panoramafilm om Jostedalsbreen Nasjonalpark hjå Norsk Bremuseum.

Sjå panoramafilm om Jostedalsbreen

Panoramafilmen om Jostedalsbreen, av Falkeblikk Film Productions AS, tek deg med på ein uforgløymeleg tur!

Klimautstilling i Norsk Bremuseum.

Vandre gjennom den interaktive klimautstillinga

Opplevingsutstillinga "Klima i endring - frå fortid til framtid" er ei tidsreise i jorda sin klimahistorie.

Museumskart

Fagleg fordjuping