Norsk Bremuseum har fått omtale i Scan Magazine!

Smilende jente med nytt magasin i hånda foran mammut i bakgrunnen.

Vi er glade for å kunne dele at Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har fått omtale i det internasjonale magasinet Scan Magazine! I artikkelen «Norsk Bremuseum: I will have that on ice, please!» får lesarane eit innblikk i museet, historia vår og arbeidet med å formidle kunnskap om brear og klima. Artikkelen trekkjer mellom anna fram dei interaktive utstillingane våre, moglegheita til å oppleve fleire tusen år gammal breis og den unike arkitekturen teikna av Sverre Fehn.

Vil du lese meir om Norsk Bremuseum? Du kan lese heile artikkelen gratis på Scan Magazine si heimeside ved å klikke på bildet under.

Scan Magazine er eit engelskspråkleg, internasjonalt livsstil- og reisemagasin som presenterer Skandinavia for eit internasjonalt publikum. Magasinet løftar fram det beste frå Norden innan reiseliv, kultur, design, arkitektur, næringsliv og utdanning. I novemberutgåva av magasinet blei Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten kåra til månadens museum.

Neste
Neste

Norske fjordar får internasjonal geologisk anerkjenning