The International Union of Geological Sciences (IUGS) har inkludert dei norske fjordane som eit av dei viktigaste geologiske landskapa i verda.
Den internasjonale unionen for geovitskap (IUGS) har inkludert Fjords of Norway i den tredje utgåva av The 100 IUGS Geological Heritage Sites. Dette er ei internasjonal samling av 100 utvalde geologiske lokalitetar som har særleg stor vitskapleg verdi og betydning for forståinga av jorda og den geologiske historia.
Stadene som er presenterte i samlinga, representerer nokre av dei viktigaste områda i verda for å forstå jorda si historie. Lista omfattar stader der grunnleggjande geologiske oppdagingar har funne stad, og der geologiske prosessar kan observerast og studerast på ein særleg god måte. Lokalitetane er spreidde over heile verda og speglar det ekstraordinære geologiske mangfaldet på planeten vår.
Dei norske fjordane er kjende over heile verda for det dramatiske landskapet med bratte fjellsider, djupe dalar og mektige fjordarmar (foto: Fjærland Guiding).
Ikonisk landskap forma av isbreane
Dei norske fjordane blir trekte fram som særskilde og ikoniske døme på breerosjon frå kvartærtida, og som nokre av dei vakraste landskapa i verda. Men utover den estetiske verdien har fjordane ei heilt særleg geologisk betydning.
Fjordane fortel historia om korleis isbrear, elvar og andre geologiske prosessar har forma landskapet gjennom millionar av år. Dei vestnorske fjordane er klassiske fjordlandskap, med tydelege U-forma tverrprofil, bratte fjellsider og store djupner. Dei blir rekna som eit typeområde for fjordlandskap i verdssamanheng.
Sognefjorden er med sine 205 kilometer den lengste fjorden i Noreg og den nest lengste i verda, etter Scoresbysundet på austkysten av Grønland. Med ei største djupn på 1303 meter er Sognefjorden òg den djupaste fjorden i Noreg.
Sognefjorden og dei norske fjordane er no på lista over dei viktigaste geologiske landskapa i verda (foto: Pål Hage Kielland).
Eit resultat av fleire millionar år med geologiske prosessar
Utviklinga av fjordane er eit resultat av eit samspel mellom fleire geologiske prosessar. Dei viktigaste faktorane er erosjon frå isbrear, tektonisk aktivitet og strukturar i berggrunnen, som sprekkesoner og forkastingar. Elveerosjon, lausmassetransport i dalsidene og undersjøiske masseforflyttingar har òg vore med på å forme landskapet.
At fjordane er djupare enn tersklane av fast fjell ved innløpa, er eit tydeleg bevis på at breerosjon har spela ei avgjerande rolle i utforminga av fjordlandskapet. Gjennom fleire istider har isbreane grave seg ned i eldre bekkedalar og utvida og utdjupa dei til dei mektige fjordane vi kjenner i dag.
Geolog tilknytt Norsk Bremuseum har bidrege
Den tredje utgåva av samlinga byggjer vidare på dei to føregåande utgåvene frå 2022 og 2024. Ekspertar frå ei rekkje land har bidrege med forslag og faglege vurderingar for å identifisere geologiske lokalitetar med særleg stor internasjonal betydning.
I arbeidet med å dokumentere dei norske fjordane har mellom andre Atle Nesje bidrege med fagleg innhald. Nesje har tidlegare vore styreleiar for Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten, og har gjennom ei årrekkje forska på brear, klima og landskapsutvikling.
At dei norske fjordane no er inkluderte i denne internasjonale samlinga, er ei viktig anerkjenning av den geologiske arven vår. Det norske fjordlandskapet ikkje berre er ei kullisse for ei storstilt naturoppleving, det er òg eit område med stor vitskapleg verdi og internasjonal betydning.