Korleis gjeng det med breane våre?

Kvart år gjennomfører fagansvarlig ved Norsk Bremuseum målingar av frontposisjonen til fleire brear i og rundt Jostedalsbreen nasjonalpark. Målingane dokumenterer korleis brefrontane endrar seg over tid, og gir oss viktig kunnskap om utviklinga til breane i møte med eit klima i endring.

Slik ser Haugabreen ut 24. oktober 2026, frå ei høgde nokre hundre meter framfor breen. Her tar fagansvarlig måling av Haugabreen med laserkikkert (Foto: Jorun Bækken).

Ein av breane museet følgjer, er Haugabreen i Stardalen. Fagansvarleg ved Norsk Bremuseum har målt frontposisjonen til Haugabreen årleg sidan 2013. Målingane viser at breen har trekt seg nesten 200 meter tilbake i denne perioden.

Ein lett tilgjengeleg bre

Haugabreen ligg i Stardalen i Jølster og er ein del av Myklebustbreen, som igjen er ein del av Jostedalsbreen. Breen ligg innanfor Jostedalsbreen nasjonalpark og er ein av brearmane på Vestlandet som er relativt lett tilgjengeleg til fots.

Stien opp til utsiktspunktet ved Haugabreen er mykje brukt av turgåarar og folk som vil oppleve breen på nært hald. Stien er merkt og varda, og frå utsiktspunktet kan ein sjå breen og landskapet rundt.

Du finn meir informasjon om turen på UT.no – Fottur til utsiktspunkt ved Haugabreen.

 

Kvifor måler vi brefronten?

Brear er i stadig endring. Korleis dei utviklar seg, heng mellom anna saman med temperatur og nedbør. Om vinteren samlar breen på seg masse gjennom snøfall, medan han om sommaren mistar masse når snø og is smeltar. For at breen skal halde seg stabil eller vekse, må tilførselen av snø over tid vege opp for tapet gjennom smelting og andre prosessar.

Når breen over tid mistar meir masse enn han samlar opp, vil han ofte trekkje seg tilbake. Dersom han samlar opp meir masse enn han mistar, kan brefronten rykkje framover. Endringar i brefronten kan difor fortelje oss noko om korleis breen utviklar seg, og korleis han reagerer på klimaet.

Ved å måle frontposisjonen år etter år kan vi dokumentere kor langt breen flyttar seg. Målingane gir oss eit viktig grunnlag for å følgje utviklinga over tid. Samstundes er det viktig å hugse at frontposisjonen ikkje åleine fortel heile historia om breen. For å få eit meir fullstendig bilete av utviklinga må ein òg sjå på endringar i massebalansen, altså kor mykje masse breen vinn og mistar gjennom året.

Haugabreen held fram med å trekkje seg tilbake

Årets målingar viser at Haugabreen har trekt seg om lag 50 meter tilbake sidan førre måling. Ser vi på heile perioden frå 2013, har brefronten trekt seg tilbake nesten 200 meter. Målingane dokumenterer ei tydeleg endring i kor brefronten ligg. Ved å halde fram med målingane år etter år kan Norsk Bremuseum følgje utviklinga til Haugabreen og samanlikne resultata over tid.

Å måle brefrontar er ein måte å gjere klimaendringane synlege i landskapet på. Tala viser korleis breen endrar seg frå år til år, medan dei langsiktige måleseriane gir oss eit betre grunnlag for å forstå utviklinga over tid. Årets frontposisjonsmålingar vart utførte av Solveig Farmen Aabø, fagansvarleg ved Norsk Bremuseum. Geologen Jorun Bækken var òg med på turen.

«Totalt har frontposisjonen til Haugabreen gått tilbake nesten 200 meter siden 2013»

Nokre dagar tidlegare ble frontposisjonen til Marabreen målt. Denne breen er ein utløpar frå Jostedalsbreen som må kryssast på den tradisjonsrike ferdselsruta mellom Lunde i Jølster og Bøyadalen i Fjærland. Norsk Bremuseum oppretta eit nytt fastmerke for frontposisjonsmålingar i 2024, men måletekniske vanskar grunna mykje avknekt is gjorde det utfordrande å måle brefronten nøyaktig. Men det som kan seiast er at også Marabreen har minka sidan 2024. Noko som ikkje var veldig overraskande etter ein varm smeltesesong i sommar.

Marabreen i nysnødrakt i starten av oktober 2026. (Foto: Solveig Farmen Aabø, Norsk Bremuseum).

Resultata frå målingane vert rapportert inn til NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat).

 
Neste
Neste

Andre akt av forestillinga - Jostedalsbreen nasjonalpark ei kunstoppleving frå eit monumentalt og sårbart landskap