Høsten ved Norsk Bremuseum
Nå går vi haustsesongen i møtet her ved Norsk Bremuseum. Frå 1. september og ut oktober har vi ope kvar dag frå 10:00 til 16:00. Kva er då betre enn å ta turen innom museet?
Fjærland i haustdrakt
Ved Bremuseet kan du sjå korleis landskapet endrar seg med årstidene og du kan lære meir om Jostedalsbreen og området rundt. Her ser ein Vetle Supphellebreen øvst til venstre i bilete.
Aktivitetar hausten 2026
Bremålingar
Kvar haust målar fagansvarleg frontposisjonen til fleire av utløpsbreane av Jostedalsbreen, mellom anna Haugabreen, Vetle Supphellebreen, Bøyabreen og Marabreen.
Her ser ein fronten av Haugabreen. Frå steinen sentralt i bilete og fram til fronten av breen har avstanden auka kvart år frå målingane starta i 2013. I dag ligg fronten av breen meir enn 30 meter lenger opp i terrenget.
Skulebesøk
Kvar haust tar vi imot skuleklassar ved museet. Her får du blant anna lære om korleis breane har forma landskapet, fortidas klima og utviklinga i framtida.