Årsmelding for 2025

I 2025 vart klimautstillinga oppdatert med den nyaste kunnskapen innan klimavitskapen.

Då klimautstillinga opna for fyrste gong i 2007, nytta vi den tids kunnskap om klimaendringar som grunnlag for innhaldet vi ynskte å syne publikum. Den predikerte klimaframtida kom raskare på oss enn forventa, og difor var det naudsynt med renovering og oppdatering for å kunne presentere både dei naturlege klimasvingningane og det menneskelege bidraget på ein så holistisk måte som mogleg.

Les meir om dette og korleis det har gått med Norsk Bremuseum i 2025.

Og takk til alle besøkande, samarbeidspartnarar og, ikkje minst, våre livsvarige medlemmar som kjem innom år etter år!

Foto: Falkeblikk AS.

Vi ynskjer alle ein fin sommar!

Neste
Neste

Norsk Bremuseum og Ulltveit-Moe senter for klimaviten søkjer engasjert naturvegleiar!