Brevandring på Flatbreen med lokal guide og ekspert
Turen på Flatbreen er ein relativt hard og lang dagstur for spreke folk. Den tek totalt 8-10 timar og det er om lag 1000 høgdemeter stigning før vi kjem til brefronten.
Pris: 1500- per person (minimum 4 personar eller minstepris 6000,-)
Denne turen er ein kombinasjon av fjelltur og vandring på breen. Vi er inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark stort sett heile dagen.
Inkludert: Breutstyr (stegjern, isøks, hjelm, klatresele, karabinarar, taug)
Turen startar frå parkeringsplassen i Supphelledalen. Hugs pengar til å betale parkeringsavgift. Turen går oppover heile tida og fram til Flatbreen, ein arm av Jostedalsbreen. Stien er merka og slynger seg gjennom terrenget i frodig lauvskog, attmed morenar og snøskredløp, elver og bekkar med smeltevatn frå breen. Den fyrste tredjedelen av turen er passeleg bratt, medan dei to siste er bratte. Når vi kjem fram til breen brukar vi å eta lunsj eller ta ein kjapp pause, før vi tek på oss breutstyret slik at vi vert utrusta for breturen. Vi har mange moglegheiter for kor vi legg ruta på breen, avhengig av snø- og istilhøve. Kanskje finn vi skjulte holer eller tunellar i breen!
Tidsbruk: 8-10 timar totalt.
Distanse: 10 km.
Oppstiging: over 1000 høgdemter.
Sesong: Juli-August (avhengig av snø- og istilhøve)
Minimum alder: 12 år.
Vanskegrad: Hard (Hard for personar som ikkje er vant til å gå i fjellet)
Utstyr du treng: fjellstøvler, hansker, lue/caps, solbriller, solkrem, drikke, matpakke, snacks, vind/vass-tett jakke/bukse, ekstra ull, sekk med plass til ditt personlege utstyr samt breutstyret de må bera (stegjern, isøks, hjelm, klatresele). På generell basis anbefalar vi å kle seg etter vêr og vind for å ha det mest mogleg komfortabelt i fjellet, og sjekk ut vêrvarselet. Kontakt oss gjerne ved spørsmål før turen.
Viktig: Du bør syte for å ha reiseforsikring i orden dersom noko skulle skje. Guidane våre har alle rettar til å avbryte aktiviteten før eller under gjennomføring i høve vanskelege forhold med vêr, terreng og/eller mangel på tilstrekkeleg utstyr og/eller ferdigheiter som trengs for å gjennomføre aktiviteten.
Velkomen til ditt neste bre-eventyr!
På veg opp til breen.
Fjærland byr på eit mylder av moglegheiter for deg som vil på guida tur på breen eller i fjellet. Kan det hende at du er fjellvand, men ynskjer nokon med lokalkunnskap til å bli med på turen? Eller er du lite turvand og ynskjer ein guide som fører deg trygt både opp og ned bratte lier, eller inn og ut av frodige dalar? Vi kan formidle kontakt til den rette turleiaren for deg!
Norsk Bremuseum har eit eige nettverk av lokalkjende og røynde fjellførarar. Spør oss! Det er også mogleg med tur- og overnattingspakkar i Fjærland.
Vi tilbyr skreddarsydde turar og opplegg på førespurnad. Smilande guidar gjev deg eventyrlege opplevingar fullpakka med gode historier og lokal kunnskap. Her kan du få opplevingar i spekteret frå fjøra til fjelltoppar!I løpet av sommaren tilbyr vi naturguiding på og til brear i nærleiken til Fjærland på førespurnad.