Icebound - Svalbards isdekke
Kor mykje is var det på Svalbard under siste istid? Når var breane på Svalbard størst? Har smeltinga av isen påverka havstraumane i nord?
Dette er spørsmål prosjektet "Icebound" ønskjer å finne svar på gjennom arbeidet sitt på Svalbard. Fleire sesongar i felt på Nordvest- Spitsbergen (2008-2011), med innsamling av steinprøvar, og påfølgande labarbeid, skal forhåpentlegvis gje svaret på kor tjukk isen på Svalbard har vore under siste istid.
Norsk Bremuseum har vore samarbeidspartner og tidlegare fagansvarleg Trygve Snøtun var med på feltarbeid i april og mai i 2009 og 2010. Resultatet av dette blei ein flott poster som var utstilt under "Isaktuelt". Posteren kan du laste ned her.
Kart over Nordvestspitsbergen med prøvelokaliteter.
Nord-vest Spitsbergen. Foto: Anne Hormes.
Slik oppsummerar Trygve turen:
"Turen var fantastisk!! Til saman varte opphaldet på Svalbard i fem veker, der tre av dei var i telt på nesten 80° nord, omgitt av snø og is.
Målet med prosjektet er å finne ut når isdekket på Svalbard var på det største og kor tjukk isen då har vore basert på feltdata frå området. Ved å hente steinprøvar frå fjelltoppar kan ein på laboratorium finne ut kor lenge denne steinen er utsett for stråling frå atmosfæren, altså kor lenge sidan det er sidan sist steinen var dekt av bre. Så feltarbeidet gjekk ut på å hente steinprøvar frå dei fantastiske fjella på Nordvest-Spitsbergen.
Trass i både utstyrsmessige og vermessige problem vart feltarbeidet vellukka, med mange steinprøvar frå eit relativt stort geografisk område. Sjølve fjelltoppane måtte bli gått til fots eller på ski medan resten av transporten skjedde på snøscooter. 200 mil køyrde vi til slutt! "
Prosjektet blei avslutta iløpet av våren 2012 og doktorgraden vart levert inn hausten same år. Doktorgradstipendiat og prosjektleiar, Endre Før Gjermundsen, var hausten 2011 inne i ei hektisk periode med ferdigstilling av resultat og artikkelskriving kor han uttala fylgjande:
"Det som er spanande med dataa våre frå Nordvest Spitsbergen så langt er at dei viser ein ekstremt liten erosjon på fjella der oppe i løpet av kvartær (dei siste 2.6 mill år). Faktisk så får vi dei minste erosjonsrater som nokon sinne er blitt rapportert. Dette betyr at sjølv om vi har hatt isdekker der oppe som fleire gonger i løpet av denne perioda har dekt dei høgaste fjelltoppane, så har desse isdekka ikkje modifisert landskapet (iallfall ikkje toppane) i særleg grad. Så når ein ofte snakkar om at det er den kvartære tidsperioda som har utfoma landskapet slik vi ser i dag, så stemmer altså ikkje det for Nordvest Spistbergen. Utforminga av dette landskapet må ha gått føre på eit tidlegare stadium."
For meir informasjon om prosjektet sjå bloggen som ein av dei andre ekspedisjonsmedlemmane skreiv.
Prøvetaking på Munken. Foto: Endre Før Gjermundsen.
Mektig bre på Svalbard. Foto: Trygve Snøtun.
Nord-vest Spitsbergen. Foto: Endre Før Gjermundsen.