Klima i endring

Brear reagerer på endring i klima, difor gjev undersøkingane av breane verdiful informasjon for klimaforskinga.

På Grønland og i Antarktis tek forskarar ut fleire kilometer lange borekjerner av is. I desse er det lagra informasjon om klimaet i fortida, litt over 800 000 år tilbake, og forskarane kan seie noko om at vi har eit klima i endring.

Atmosfæren - det beskyttande filteret kring jorda vår.

Kvifor er vi sikre på at våre utslepp av drivhusgassar påverkar klimaet?

Figur 1 (nedanfor) viser korleis konsentrasjon av drivhusgassen karbondioksid i atmosfæren (raud) og temperatur (blå) har variert dei siste 800 000 år. Dei naturlege klimaendringar gjennom denne perioden har ein periodisitet på ca. 100 000 år, med relativt korte, varme mellomistider, og lange istider. Desse variasjonane er knytt til endringar i jorda si bane rundt sola, som er forsterka av drivhusgassvariasjonane.

Gjennom utslepp av drivhusgasser, og då særleg ved brenning av kol og petroleumsprodukt, har vi menneske no heva karbondioksid-nivået like mykje som dei naturlege forskjellane har vore frå istid til mellomistid. Ei auke i drivhusgassar må føre til oppvarming, og ein varmare atmosfære vil også i gjennomsnitt innehalde meir vassdamp og gje auka nedbør.

Figur 1: Figuren viser korleis CO2 konsentrasjon i atmosfæren og temperatur har svinga dei siste 800 000 åra. Resultata er funne etter undersøking av iskjerner henta frå 3,060–3,270 meter nede i isdekket på Antarktis. Figuren er modifisert etter Lüthi m.fl. 2008.

Kva skjer med klimaet?

Figur 2 viser at den globale gjennomsnittstemperaturen har stige særleg kraftig i frå 1980, og sidan då har kvart tiår blitt varmare, med det siste tiåret (2010-2019) som det varmaste.

Forskarar er einige om at drivhusgassane har auka, og at dette i seg sjølv fører til auka temperaturar og klimaendring. Men det er verdt å merke at i perioden 1940-1980 var det ikkje temperaturauke, trass i at mengda drivhusgassar også auka då. Dette viser at klimaet til ein kvar tid er eit resultat av både menneskeleg påverknad og naturlege svingingar. I Norsk Bremuseum kan du mellom anna lære mykje om dette - både dei langvarige naturlege svingningane, men også dei kortvarige (klimatisk sett) svingningane grunna det menneskeskapte pådrivet. Forskarane er framleis ueinige når det gjeld prognosane for klimaet i framtida. Dette er fyrst og fremst knytt til usikkerheit i balanse mellom naturlege og menneskeskapte endringar. Dessutan er det framleis usikkert i kva for ein grad havet spelar ein rolle og korleis forsterkarmekanismar bidreg. Ein særleg viktig slik mekanisme er når jordoverflata blir endra frå snø/is til vatn.

Figur 2: Global gjennomsnittstemperatur 1850 - i dag. Climatic Research Unit.

Dei fleste klimaforskarar meiner at innan 2050 vil klimaet på jorda komme utafor temperaturintervalla som menneske og menneskeliknande skapningar har opplevd. Då går vi inn i ei klimaverd som vi veit lite om, og der kan tilpassing bli mykje vanskelegare enn den vil vere i klimaet som ventar oss dei neste få tiår. Å handle riktig i ein slik verd må vere basert på innsikt og ikkje frykt. 

Kjelder til menneskeskapt CO2-utslepp: Kol 39%, olje 33%, gass 21%, sement 4% og anna 3% (Global Carbon Project)

Dersom alle menneska på jorda skulle leve slik vi gjer, ville det krevja energi og resurssar tilsvarande meir enn 3 planetar ...

Dei klimatiske utfordringane vi står ovanfor vil krevje handling på mange nivå. Dei største må løysast gjennom internasjonalt og nasjonalt leiarskap, men kva den enkelte gjer er òg svært viktig - at mange gjer litt kan ha stor effekt. Her er nokre tips til kva vi alle kan bidra med. Lukke til!

I heimen og på fritida:

  • skru ned temperaturen (i Noreg står oppvarming for minst 60% av straumforbruket, kanskje meir!)

  • kombiner vedfyring med varmepumpe som oppvarming om vinteren

  • slå av lys i rom du ikkje oppheld deg i

  • slå heilt av TV, PC, stereo etc.

  • installer tidsbrytarar

  • bruk sparepærer og/eller LED-pærer

  • sorter avfall og resirkuler

  • begrens bruk av KI på smarttelefonen (du brukar straum ein annan plass!)

  • set deg inn i karbonfotavtrykket til maten du brukar å ete - kan du endre noko?

 

På kontoret:

  • begrens bruk av KI-agentar (energiintensive - brukar masse straum!)

  • bruk feilkopiert papir som kladdeark

  • skriv ut tosidige ark

  • slå av PC, skjermar og andre ting på slutten av dagen

  • hald digitale møter og kutt ned på reising

  • sorter avfall og resirkuler

 

Transport:

  • bruk sykkel eller beina på korte turar

  • kjør mindre bil, eller kjør saman med andre

  • senk farten / hald fartsgrensa

  • unngå fly – ta tog eller buss

  • invester i elbil (men bruk opp den gamle fossilbilen, fyrst)

 

Fleire tips finn du mellom anna hjå Framtiden i våre hender.

Forrige
Forrige

Jostedalsbreen

Neste
Neste

Brear og klima