Breane vert mindre også i 2025
Etter haustens årlege feltarbeid med frontposisjonsmålingar ser vi at breane framleis trekk seg attende.
Slik ser Haugabreen ut i slutten av september 2025, frå ei høgde nokre hundre meter framfor breen (Foto: Pål Hage Kielland, Norsk bremuseum).
Haugabreen trakk seg 25 meter attende i løpet av det siste året. Totalt har frontposisjonen gått tilbake nesten 200 meter sidan 2013. Frontposisjonsmålingane vart utført av fagansvarleg hjå Norsk Bremuseum, Pål Hage Kielland, og med på turen hadde han invitert elevar frå klima & miljøfag på Firda vidaergåande skule, i tillegg til læraren Kristian Kobbenes Starheim og nyleg pensjonsert rektor og breførar - Hallgeir Hansen. Inkludert i turen var også ein runde på isen med elevane, der Hallgeir rigga til standplass og litt isklatring som elevane kunne bryne seg på.
Elevar frå Firda vidaregåande skule fekk seg ein tur på Haugabreen, som mellom anna inneheldt klatring i isen (Foto: Pål Hage Kielland).
Nokre dagar tidlegare hadde Marabreen sin frontposisjon blitt målt. Denne breen er ein utløpar frå Jostedalsbreen som må kryssast på den tradisjonsrike ferdselsruta mellom Lunde i Jølster og Bøyadalen i Fjærland. Norsk Bremuseum oppretta eit nytt fastmerke for frontposisjonsmålingar i 2024, men måletekniske vanskar grunna mykje avknekt is gjorde det utfordrande å måle brefronten nøyaktig. Men det som kan seiast er at også Marabreen har minka sidan 2024. Noko som ikkje var veldig overraskande etter ein varm smeltesesong i sommar.
Marabreen i nysnødrakt i slutten av september 2025. Foto: Pål Hage Kielland, Norsk Bremuseum.
Resultata frå målingane vert rapportert inn til NVE (Noregs Vassdrags- og Energidirektorat).
 
                         
            