Årsmelding for 2024

I 2024 kom nesten 80 000 på besøk til oss frå 99 ulike nasjonar.

Vi opna mellom anna ein ny utstilling om liv på isbreen, arrangerte foredrag i kinosalen og renoverte taket innvendig. I tillegg jobba vi med det vitskaplege grunnlaget for oppdatering og renovering av klimautstillinga.

Les meir om dette og korleis det har gått med Norsk Bremuseum i 2024.

Og takk til alle besøkande, samarbeidspartnarar og, ikkje minst, våre livsvarige medlemmar som kjem innom år etter år!

Foto: Ross Maegri, Sarner London.

Vi ynskjer alle ein fin sommar!

Neste
Neste

Bretur på Jostedalsbreen i sommar