Skulebesøk og ekskursjonar
Vi tilbyr faglege opplegg for elevar og studentar, og skreddarsyr program i samråd med lærar. Hjå oss kan du kombinere undervising i museet med ekskursjon i brelandskapet i Fjærland.
Verdas vakraste uteklasserom?
Vi tilbyr opplegg for skuleklassar og studentar som passar både i museet og ute i det breforma landskapet. Museets eigen naturvegleiar jobbar med undervising og formidling retta mot elevar, studentar, born og publikum generelt.
Lærarar bør avklare undervisingsopplegg på førehand slik at det blir tilpassa den einskilde klassen eller gruppa på best mogleg måte. Vi er særs fleksible på opplegga vi gjennomfører og ynskjer alle elevar, studentar og lærarar velkomne til oss.
Kontakt for bestilling av fagleg opplegg:
Naturvegleiar: Pål Hage Kielland, Master i Naturgeografi og breførar
Tel: 410 28 363/ 57 69 32 88
E-post: pal@bre.museum.no
PS: Dersom naturvegleiar er oppteken med andre klassar eller grupper, eller ikkje har høve til å bidra, så kan vi hjelpe til med undervisingsmateriell slik at lærar sjølv kan gjennomføre opplegget.
Faglege aktivitetar
Orientering om bredanning og klima i resepsjonen (10 min)
Panoramafilmen om Jostedalsbreen av Falkeblikk (15 min)
Utstillinga på eiga hand med oppgåver eller undervisingshefte (45-60 min)
Orientering om breforma landskap på taket til Norsk Bremuseum (10 min)
Den interaktive opplevingsutstillinga "Klima i endring" (15 min)
Ekskursjon til brearmane i Fjærland, med ekskursjonshefte (60 - 120 min)
Forelesing i feltstasjonen om ynskt tema innan naturgeografi, glasiologi, klima, geologi - spør oss! (30-60 min)
Klimaundervising; karbonfotavtrykk, klimatiltak, klimatilpassing (2 t 30 min) NB: denne aktiviteten er for vidaregåande elevar.
NB: tidsbruken for dei ulike aktivitetane kan variere og tilpassast den einskilde klassen eller studentgruppa.
Turar på fjell og bre
Heildags fjelltur (fottur) til Flatbreen med naturgeografisk guiding og brelære (6-8 timar; juni, august og september. 500 kr per person) NB: denne aktiviteten passar best for vidaregåande elevar og studentar som tek naturvitskaplege fag.
Bretur; heildagsaktivitet. Gruppe på 10 personar: kr. 600,- per person. Kontakt oss for meir informasjon og prisar ved fleire personar.
Nyttig info
Her kan du mellom anna finne informasjon, eksperiment, undervisingsressursar og anna fagleg innhald knytt til brear og klima. Det er også laga ei liste over litteratur som kan vere verdt å sjekke ut, om du ønskjer å lære meir. Ta gjerne kontakt viss det er noko du lurar på!