Det mobile bremuseet

Det mobile bremuseet er ei pakke med eksperiment som kan utførast heime eller i ein skuletime. Opplegget passar for born i grunnskulen, og er opprinneleg laga for 5.klasse. Start gjerne timen med å vise ein kort filmsnutt relatert til brear. Vi har brukt eit utdrag frå filmen ”Istid” for å vekkje interesse for temaet.

Deretter kan ein dele inn klassen i seks grupper, som rullerer mellom dei seks postane (eksperimenta). OBS: På post 6 treng ein ekte bre-is! 

Opplegget var ein del av Den kulturelle skulesekken i regi av Sogn & Fjordane Fylkeskommune, og vart svært godt motteke av elevar og lærarar. Gjennom ein dobbeltime fekk elevane lage skuringsstriper, sjå korleis bresprekker blir til og oppleve luftbobler i tusen år gamal bre-is. I perioden 2004-2009 reiste ein fagperson rundt til skular med det mobile bremuseet.

Aktuelle kompetansemål (2013):

Geografi etter 4-årssteget:
- beskrive landskapsformer og bruke geografiske nemningar i utforsking av landskapet nær skole og heim
- fortelje om viktige landskap og landskapsformer i Noreg og nokre andre land

Geografi etter 7.årssteget:
- registrere og tolke spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet

Geografi etter 10.årssteget:
- gjere greie for indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn
- utforske, beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet

Naturfag etter 2.årssteget:
- beskrive, illustrere og samtale om eigne observasjonar frå forsøk og frå naturen
- gjere forsøk med vatn og lys og samtale om observasjonane

Naturfag etter 7.årssteget:
- beskrive korleis nokre mineral og bergartar har vorte til, og undersøkje nokre typar som finst i nærområdet
- beskrive sentrale eigenskapar ved gassar, væsker, faste stoff og faseovergangar ved hjelp av partikkelmodellen
- forklare korleis stoff er oppbygde, og korleis stoff kan omformast, ved å bruke omgrepa atom og molekyl

Naturfag etter 10.årssteget:
- undersøkje eigenskapar til nokre stoff i kvardagen
- beskrive sentrale eigenskapar ved gassar, væsker, faste stoff og faseovergangar ved hjelp av partikkelmodellen- forklare korleis stoff er oppbygde, og korleis stoff kan omformast, ved å bruke omgrepa atom og molekyl

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Fagstoff

Neste
Neste

Fagleg fordjuping