Visit Sognefjord

Fjærland ligg inst i Fjærlandsfjorden, ein fjordarm som munnar ut i den mektige Sognefjorden like ved Balestrand. Sognefjordregionen får det meste av besøket i sommarsesongen, men vår og haust byrjar også å bli meir populært. Sognefjorden er like bra - heile året!

Vinterstid er fjellområda kring Fjærland innbydande for skiturar av alle slag, der særleg toppturar og “verdas beste snø” lokkar lokale og tilreisande. I februar arrangerast den populære Fjellsportfestivalen i Sogndal, og det er ikkje lang veg til skisenter i Sogndal og Luster.

Ein annan, etter vår meining, lokal skatt er utan tvil den mektige Jostedalsbreen - den største breen på det Europeiske fastlandet og verna som nasjonalpark. Norsk Bremuseum er eit autorisert Besøkssenter for Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Besøk Visit Sognefjord for å utforske kva du kan gjera i området kring Fjærland.

Langs riksvegen mellom Sogndal og Skei finn du mellom anna kunnskap om naturen og landskapet på sokalla “Georasteplassar”.

  • På Vatnasete i Sogndalsdalen ligg ein hellelagt sti som symboliserer ein tidsakse. Hellene viser den natur- og kulturhistoriske utviklinga i dalen.

  • På Berge i Fjærland finn du interessante opplysingar om geologi og korleis fjorden blei danna.

  • Ved Bøyabreen er fokuset på breens historie.

  • I Lundebotn i Jølster kan du lære om det dramatiske landskapet i Kjøsnesfjorden.

Sognefjorden har blitt merka som bærekraftig reisemål. Les meir om Sustainable Destination på Visit Norway’s heimesider. Norsk Bremuseum er ein av mange bærekraftsertifiserte medlemmar i Visit Sognefjord, og bidreg soleis i å gjera Sognefjorden så bærekraftig som mogleg i virke av å vera eit sertifisert Miljøfyrtårn.

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Naturguiding i Fjærland

Neste
Neste

Brevandring på Jostedalsbreen