Naturguiding i Fjærland

Norsk Bremuseum byr på skreddarsydd naturguiding som passar for alle.

Naturguidinga går ut på å lære om brear, klima og naturgeografien i Fjærland. Vi kjem inn på tema som brear, morener, flaum frå bre, jettegryte, ulike skredformer og avsetningar frå ulike naturprosessar. I tillegg vil vi fortelja om lolkahistorie i ei bygd med kort veg mellom fjorden og breen.

Kom i eigen bil og møt naturvegleiaren hjå Norsk Bremuseum i Fjærland.

  • Pris: 490,- kr per person (minimum 2 - maks 5 personar)

  • Tidsbruk: 2 timar

  • April - August

  • September og oktober: på førespurnad

  • Stoppestader: Norsk Bremuseum, Bøyabreen, Skarestad, Øygard, Supphellebreen.

  • Hugs joggesko, fjellsko eller sko som tålar å gå på lett kupert sti i skogen.

  • Bonus: naturguidinga gjev rabatt på 25% for besøk i Norsk Bremuseum same dag!

Dette er på lågterskelnivå og passar for alle som er nyfikne på fenomen særskild knytt mot breane og naturen i nærleiken til breane.

Forrige
Forrige

Naturguiding i Fjærland for familiar

Neste
Neste

Visit Sognefjord