Miljøfyrtårn
Vi har vore sertifisert Miljøfyrtårn sidan 2019 og er klare for fleire år med innsats for berekraftig drift.
Målsettinga i 2019 var å aktivt arbeide med å bidra til ei grønare og meir berekraftig framtid. I september 2025 vart vi resertifisert for tre nye år.
For å bli sertifisert gjekk vi gjennom ein prosess der vi måtte tilfredsstille fleire kriterium innan tema som arbeidsmiljø, innkjøp, transport, energibruk og avfall.
Miljøfyrtårnsertifiseringa vart gjennomført med støtte og hjelp frå ulike aktørar. Visit Sognefjord har vore ein viktig pådrivar for merking av Sognefjorden som berekraftig reisemål, og har oppmoda alle medlemmene til å vurdere miljøsertifisering. I tillegg hadde Fylkeskommunen ei tilskotsordning for miljøsertifisering gjennom Innovasjon Noreg.
Mykje av arbeidet med sertifisering og resertifisering vart gjort i samarbeid med miljøfyrtårnkonsulent Bodil Lande i GreenCo. Samarbeidet med GreenCo har verkeleg auka kunnskapen vår om korleis drive berekraftig som reiselivsverksemd. I tillegg har vi hatt godt samarbeid med Helge Evensen Bjørkum i AAA Miljø AS som har stått for sertifisering i 2019 og resertifisering i 2022, og Nils Rune Nesbakk på vegner av Certnor AS med resertifiseringa i 2025.
Alle tilsette ved museet har bidrege godt for å gjera sertifiseringa mogleg - heilt frå den administrative leiinga og til dei sommartilsette i museet. Fokuset har særleg vore på sparing av vatn og straum, riktig avfallshandtering, tilby økologiske og kortreiste produkt, matsvinn, HMS-arbeid, og det å skape og utvikle ei bevisstgjering om berekraft blant dei tilsette, men også blant våre leverandørar.
Vi takkar for all hjelp og samarbeid i denne prosessen, og er stolte over å vera eit Miljøfyrtårn!